Hælfjellet - utsikt så det held

Knapt noko fjell som omkransar Grødalen kan by på betre utsikt enn Hælfjellet.

Det er laurdag 4. september 2010. Klokka er 07.00, og gradestokken viser minus 4 grader på Tøftvangen Setervollen ligg kvitrima, og over bakken ligg det eit tynt lag med dis. Kl. 08.00 kjem sola og jagar vekk både rim og dis. Alt ligg vel til rette for ein fin haustdag.

Føremiddagsturen i dag går til Hælfjellet. Stien startar rett overfor parkeringsplassen som ligg like etter at du har passert høgste punktet på Hafsåshjellen, på veg mot Hafsåsen.

Turen går etter tørr og godt rydda sti, i variert og stort sett lett terreng. Gangtid er ca. 1 time.

Varden rett opp for Svisdalen er ein naturleg rasteplass (merka med raud ring på kartskissa). Dette er ein sjeldan vakker varde, med følgjande vitale mål: høgd ca. 2,5 meter, diameter ca. 2 meter.

Bileta får tale for seg sjølv.

På denne turen kan det vere vanskeleg å finne vatn.

Hælfjellet høver best som barmarkstur. Om vinteren ligg det lite snø her. Dessutan er det strevsamt å kome både opp og ikkje minst ned med ski på føtene.

God tur.


Peder Magne Solheim

Flere artikler

  • Hælfjellet - utsikt så det held

    Knapt noko fjell som omkransar Grødalen kan by på betre utsikt enn Hælfjellet.

  • Vanghøa rundt.

    Å ta turen rundt Vanghøa er en lett tur for de aller fleste. Rik på opplevelser både på utsikt, blomsterprakt og fine fiskevann.

  • Heimfjellet - et tureldorado både sommer og vinter

    Heimfjellet er fjellpartiet mellom Grødalen og Sunndalen. Heimfjellet strekker seg fra Svorundtjønnin og Kollifjellet i øst og til Stoplan i vest.

  • Storvatnet - Fiskbuvatnet rundt

    Har du lyst på en kort, men fin tur i dalen, er en rundtur rundt Storvatnet og Fiskbuvatnet et godt alternativ.

  • Svartsnyta

    Der Grødalen er på sitt smaleste og høyeste, og der dalen svinger og åpner seg mot Stortæla, ligger et av de mest spennende områdene i dalen. Tre kilometer fra Steinbrua, like ved vannskillet ved Hammartjønna, starter stien mot Svartsnyta.

  • Svøubotn

    På jakt etter sjelfred og en flott fjellopplevelse? Svøubotn ligger der og venter på deg. Fiskestanga bør du ta med i sekken....

  • Løstølvatnet

    Turen opp til Løstølvatnet er relativt lett og gir mye igjen i form av utsikt i alle retninger. Et forfriskende bad etter oppstigningen kan kanskje også friste....