Haustdag i Grødalen

Haust møter vinter

Det er måndag 27. september 2010, og gradestokken viser minus 6 grader kl. 07.00.

Soloppgang over Kollifjellet kl. 08.30. Over Gråhøa i sørvest heng månen. Lufta er krystallklår, og sola skin frå knallblå himmel. Snart er rimet på setervollen borte, og dagen ligg ubruka og innbydande.

Nonsfjellet har teke snøkåpa på, til liks med Blåhø, Råstu og Sæterfjellet på sørsida av Grødalen.

På Heimfjellet i nord ligg det også igjen eit tynnt snølag, men sola vil nok smelte det meste i løpet av dagen.

Dagens gjeremål har vore rydding av småbjørk på toppen av vinterløypa opp mot Mikkeltjønn. Krav til løypebredde aukar i takt med alderen. Det vart også tid til ein liten fjelltur på Heimfjellet.

Etter ein fantastisk dag går sola ned over Gråhø kl. 17.30, og haustmørket sig på. Inne i hytta sprakar det i bjørkeveden i omnen. Gradestokken stig mot 25 grader.

Yr.no melder om finver heile veka. Kan ein betre ha det?

 

Peder Magne Solheim

Flere artikler